OM OSS

Sunnfjord Booking er eit lokalt familiedrive bookingføretak som held til i Haukedalen i Sunnfjord, der lokale innbyggjarar leiger ut hytter, hus og rom via våre nettsider. Føretaket er inspirert av oppveksten til Signe i Haukedalen, der ho har mange gode minner i frå tida foreldra hennar leigde ut rom til turistar frå Europa. Desse turistane kom langvegsfrå for å oppleve den flotte naturen i Sunnfjord, og i dag kjem det turistar i frå store delar av verda for dei same opplevingane. Det er ei glede for oss å ta i mot gjestar til ein liten, men vakker del av verda: Sunnfjord. Å reise til Sunnfjord betyr at ein bur i eit rikt og variert naturlandskap. Her finn ein fjord og fjell, gode fiskevatn, vakre fossar, Jostedalsbreen i aust og kysten og øyane i vest.

Å bu gjennom Sunnfjord Booking betyr at ein bestiller overnatting igjennom ei lokal bedrift med tilknyting til området. Ved framkomst blir ein møtt av lokale som gjerne svarer på spørsmål om aktivitetar og attraksjonar i nærområde, og ein bur i hus, hytter eller rom som leigast ut av lokale innbyggjarar via vår nettside. Hjarteleg velkommen!
 

Ta gjerne kontakt via vårt kontaktskjema eller via e-post til sunnfjordbooking@gmail.com. Du finn oss også på Facebook og Instagram.

 

Ynskjer du å leige ut via Sunnfjord Booking?

Send oss ein e-post: sunnfjordbooking@gmail.com

Oversikt over avstand til ulike
stader i området:

Rørvikfloten - Dragsvik

Rørvikfloten - Balestrand

Rørvikfloten - Fjærland

Rørvikfloten - Stryn

Rørvikfloten - Briksdalsbrèen

Rørvikfloten - Bergen

66 KM

74 KM

80 KM

126 KM

131 KM

187 KM

(ferje Lavik - Oppedal)

Rørvikfloten - Geiranger

201 KM