LEIGEVILKÅR

Leigeavtala som du inngår med Sunnfjord Booking, som er formidlar, er inngått mellom deg som leiger og den som eig feriebustaden som utleigar.

Vilkåra gjeld kun for avtale om leige av feriebustaden, som er gjort kjent på Sunnfjord Booking si nettside.  Leigetakar må gjere seg kjent med Sunnfjord Booking sine leigevilkår på internett via Sunnfjord Booking sin reservasjonsservice.  Sunnfjord Booking er kun formidlar.

Leigetakar vil motta eit leigebevis med køyrebeskrivelse og opplysning om hentinga av nøkkel til feriebustaden.

Leigeperiode

Leigeperiode må vere i samsvar med det som er avtalt ved booking. Samt når det er klart til innflytting og avreisetidspunkt.

Feriehuset

Antal personer som kjem til feriebustaden, må vere i samsvar med det som er bestilt.

Sunnfjord Booking formidlar feriebustad i hovedsak til familiar og par.

Røyking

Røyking er ikkje tillatt i feriebustaden.

Støy

Formidlar og huseigar er ikkje avsvarleg for støy frå trafikk eller byggeprosjekt.

Husdyr

Ikkje tillatt med husdyr i feriebustaden.

Internett

Enkelte feriehus tilbyr WiFi, men enkelte stader kan det vere dårleg dekning og varialbel hastigheit. Verken formidlar eller huseigar er ansvarleg for det.

 

Båt

Viser til Sunnfjord Booking si nettside om båt er tilgjengeleg ved leige av feriehus.

Alle som brukar båt må ha tilpassa redningsvest. Leigetakar er sjølv ansvarleg for å bruke redningsvest, og verken formidlar eller huseigar er forplikta til å ha redningsvestar tilgjengeleg.  Leigetakar kan ikkje gå ut i frå at det er nok redningsvester til alle i feriehuset.

Barn under 16 år kan ikkje bruke båt utan at det er voksne med.  Etter bruk av båt må leigetakar etterlate seg båten på ein forsvarleg måte. Ved uhell eller skader, kan ikkje Sunnfjord Booking eller huseigar bli stilt til ansvar.

Pris og betaling

Alle prisar er i NOK (norske kroner).

Bestilling er bindande når bestilling er registrert og bestiller har fått bekreftelse på leigeavtale.

Betaling via Sunnfjord Booking 1 veke før ankomst.

 

Avbestilling

Ved avbestilling veka før ankomst, vil beløpet bli tilbakebetalt med frådrag av NOK 250

 

Depositum

Enkelte feriehus kan kreve Depositum.

Depositum kan betalast kontant ved nøkkeloverlevering.

Dette for å sikre skader på leigeobjekt og/ eller mangelfull sluttreingjering.

 

Sluttreingjering

Leigetakar må forlate huset ryddig og reingjort.  Søppel må kastast på henvist plass

(hyttecontainer).

I nokre feriehus kan ein bestille ekstra for reingjering mot å betale ein avtalt sum.

 

Skader

Leigetakar skal behandle feriehuset forsvarleg og levere det i samme stand som ved overtakinga.

 

Manglar og reklamasjon

Feriehuset må vere reint og utan mangler før leigetaker kjem.

Derson leigetakar ser mangelfull reingjering, eller andre mangler, må det meldast frå om så fort som mogeleg.

 

Sunnfjord Booking eig ikkje feriehusa, men er kun formidlar av utleige.