GENERELLE VILKÅR

Vilkår for bruk

Nettstaden til Sunnfjord Booking tilhøyrer Rørvikfloten AS.  Ved bruk av denne nettstaden, godtek du vilkåra på denne nettsida.

Vilkåra gjeld bruk av og/ eller besøk via Internett til denne Nettstaden.

Her er også mogeleg å knytte seg til mange andre nettstader via Sunnfjord Booking  som har andre vilkår og anna bruk enn vilkåra spesifisert på denne nettstaden. Tilgang til slike lenker som er gjeve via denne Nettstaden, er regulert av vilkår for den enkelte nettstad og ikkje denne Nettstaden.

Sunnfjord Booking kan ikkje garantere for sending og behandling av data når Nettstaden er ute av drift på grunn av tekniske årsaker.  Sunnfjord Booking kan i slike tilfeller nåast via telefon eller brev/ post.

 

Varemerke

Nettstaden til Sunnfjord Booking er eigd, styrt og drive av Rørvikfloten AS, Rørvikfloten, 6818  Haukedalen. Copyright @sunnfjordbooking.no.

 

Sunnfjord Booking er beskytta av varemerke og opphavsrett regulert av gjeldande reglar i Noreg.

 

Ved bruk av Nettstaden er det eit vilkår at du ikkje krenkjer/ skader rettighetene til eigarane av Nettstaden.  Ved bruk av denne Nettstaden må du garantere for ikkje å bruke Nettstaden til formål som er ulovlege eller forbudt, eller oppslag som er truande, injurierande, provoserande, pornografiske eller skandalause av noko slag.

Ved brot på dette, vil din tilgang til bruk av nettstaden bli avslutta utan nærmare varsel.

 

Vårt varemerke, servicemerke eller materiale som er ein del av Opphavsretten, kan ikkje bli brukt på din eigen nettstad, slik som logo eller anna særpreg, utan samtykke frå eigar eller den som har Opphavsretten.

 

Fråskriving av ansvar

Sunnfjord Booking kan ikkje garantere at funksjonane til Nettstaden er feilfrie og fri for virus eller andre uforutsette hendingar.

 

Vi vil prøve så godt vi kan at innholdet på Nettstaden er korrekt og at eventuelle feil vil bli korrigerte så snart som mulig.

 

Din bruk av Nettstaden er på eigen risiko.  

 

Lenker

Det kan vere oppgitt informasjon med lenke til andre nettstader. Vi gjer oppmerksom på at det er på eige ansvar at du går inn på disse nettstadane.

 

Bruk av Sunnfjord Booking sin Nettstad

Vårt formål er å yte service og formidle utleige av feriehus, studioleilegheter og hytter, samt online transaksjonar og bekrefting av disse. (WiX)

Du må vere minimum 18 år gammel og ha rettsleg handleevne til å inngå avtaler og til å bruke denne Nettstaden.  Du må vere einig i å vere økonomisk ansvarleg for bruk av Nettstaden, også for mindreårige personar under 18 år. I tillegg gå god for at det er ditt rettmessige namn og betalingskort/ konto som er oppgitt.

 

Sunnfjord Booking sin reservasjonservice

Alle reservasjonsvilkår og separate vilkår, vil gjelde alle online aktivitetar og transaksjonar som finn stad på Sunnfjord Booking  sitt reservasjonssystem.

Vilkår for betaling vil gjelde etter det som er avtalt for den reserverte ferieovernattinga og eventuelle andre relaterte produkt og service kjøpt i forbindelse med den leigde ferieovernattinga via Sunnfjord Booking.

Ved spesielle restriksjonar og begrensningar som gjeld ved leige av ferieovernattinga, så vil det ved slike spesielle reglar, bli gjort oppmerksom på dette ved bekrefting på reservasjon eller kjøp.

 

Om du gjer andre bestillingar utanom for å komme fram til den leigde ferieovernattinga, og det er feil i denne bestillinga, er det ditt eige ansvar.